Endeleg er han her, frå og med tippeomgang 14 vil tippekupongen med norske kampar vere på nynorsk. Det er etter initiativ frå eit tippelag i Hurum at vi no følger opp eit ønske frå mange av våre trufaste spelarar. Vi har lenge følgd med på nettsidene til tippelaget i Holmsbu, og vi må seie oss mektig imponerte over innsatsen, ikkje minst den verbale. Det er å håpe at denne nye kupongen vil gje større heppe for våre vener i Holmsbu, og som ei ekstra oppmuntring vil Norsk Tipping invitere heile tippelaget til ein pubrunde på deira neste fotballtur til England. I tillegg vil Norsk Tipping gjerne komme med ei lita overrasking førstkomande laurdag. Informasjonsdirektøren i Norsk Tipping legg til at den nye mållova pålegg ei statsbedrift som NT å ha minst 25% av materiellet på nynorsk.
Tirsdag er alltid Extra-dag
Husk å spille Extra før tirsdag kl. 19.00. Trekning på NRK1 kl. 22.20.